Dette er versting-landet i forfølging av kristne

- Det finst ingen andre land kor vi registrerer så mange drap relaterte til ei kristen vedkjenning, seier Stig Magne Heitmann i Åpne Dører.

Tal frå Open Doors «World Watch List» viser at talet på drap på kristne i det nordlege Nigeria har auka med 62 prosent på berre eitt år.

Forfølging frå fleire hald

I desse dagar set organisasjonen i gong ein kampanje for å rette søkjelyset på situasjonen i landa. «World Watch List» er ei oversikt som Open Doors International utarbeider årleg for å gi eit bilete av situasjonen for kristne i ulike land verda over.

– Ein auke på heile 62 prosent er ganske unikt, også i ein større, historisk samanheng. Det finst ingen andre land kor vi registrerer så mange drap relaterte til ei kristen vedkjenning, seier Heitmann til KPK.

I områda sør for Sahara har islamsk ekstremisme slått rot. På WWL si oversikt over land der flest kristne blei drepne i løpet av rapportperioden, ligg dei seks øvste alle sør for Sahara: Nigeria, Den sørafrikanske republikk, Tsjad, Kongo, Kenya og Kamerun.

Les òg: Nyaste oversikt frå Åpne Dører 

I det nordlege Nigeria opplever truande å bli forfølgd frå fleire hald. Både islamistgruppen Boko Haram, gjetarane frå Fulani-stamma og delstatsstyresmakter med sharia-lovgivning slår ned på kristne.

– Desse forfølgingsgruppene seier noko om kompleksiteten i landet sin situasjon, seier Heitmann.

Kyrkjelydar står saman

Derfor har Open Doors International valt å fokusere på situasjonen i landet.

Christian Association of Nigeria (CAN) lanserte nyleg rapporten «Crushed but not defeated» (Knust, men ikkje nedkjempa), som klargjer tydinga av vedvarande valdshandlingar mot kyrkja i det nordlege Nigeria.

Les òg: Drivkraften i religionen 

For fyrste gong har kyrkjelydar i Nigeria gått saman for å rette søkjelyset mot forfølginga.

– Verdssamfunnet har ikkje gløymt Nigeria, veldig mange engasjerte seg for eksempel då desse 200 jentene blei bortførte av Boko Haram, men det som er litt gammalt blir fort gløymt, og vi håper det internasjonalen auget igjen kan sjå situasjonen i Nigeria og hjelpe landet ut av krisa islamsk forfølging skaper, seier Heitmann.

– Oppfordringa frå trussyskena våre er tydeleg: be for oss om at vi skal bli ståande sterke gjennom forfølginga. Det er også oppfordringa vår til den kristne kyrkja, be for landet, avsluttar han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.